Poesislam

 "Du, 29 år, bipolar" 

 "Du, 29 år, bipolar"

Du får ikkje sove
Riv deg i håret
Tankane svevar
Dei krevar
Dei kvelar
Til det eksploderar
Du veit
Men du veit det natt
Sov godt, kjære skatt

Kan du stoppe
Stoppe å hoppe
Stoppe å danse
Stoppe å springe
Kan du stå i ro
Kan du være så snill å
Droppe, dropp
No held det
No er det nok
Stopp!
Er det så ille
Å vere litt stille
I eitt minutt
Eg klarar meg eg
Du stilnar til slutt

Ikkje sei det
Eg vil ikkje høyre
Om rompe og tiss
Om når du fekk nyss i at
Ho ville pule
Pule! Pule!
Ta deg i rompa
Så vart du dumpa
Og dumpa...
Og dumpa...
Men ta det med ro
Eg veit du er god

På perfekt rus
Over oss andre
Berre glede
Er ikkje til stede
Stad og tid er ikkje viktig
Les ikkje nyheiter
Heiter du Liv?
Det kan vere det samme
Samme kor trist eg er
Du ser det ikkje
Ikkje ein dritt lenger
Enn di eiga nase
Fjasar og tullar
Tullar du no?
Du kan ikkje meine
At du er den eine
Den beste av alle
Men hugs eg er her
Og dempar fallet

Pengane flyr
Du er eit dyr
På jakt etter meir
Å dytte inn
I kroppen, i skapet
Du skapar eit hol
Som blir større og større
Så må du spørje
Kan eg låne litt pengar så eg får meg mat?
Tar med heim fordi du er lat
Du må spørje igjen
Og igjen
Og igjen
Eg håpar du veit
At det er greit

Kva kjem no?
Den store frykta
Usikkerheita
Går rundt og leitar
Etter teikn og svar
På kva som skal skje
Rundt neste sving
Uansett kva du finn
Så er eg din

Så er du nede
Forferdeleg nede
Har slutta å gråte
Mista heilt håpet
Får ikkje sove
Får ikkje ete
Du skrumpar inn
Heilt aleine
Stirrar i lufta
Lufta er stram
Du har ikke dusja
På for mange dagar
Dagslys finst ikkje
Alt er mørke
Svart og grått
Du har fått nok
Vil synke i jorda
Alt du vil
Er å møte døden
Men kom hit kjære deg
Du kan vere hos meg

Så går det bra
No er du deg sjølv
Legg deg
Står opp
Et og trenar
Alt berre går
Kanskje år etter år
Smilar og ler
Du kan vere deppa
Men får ikkje hetta
Reagerar normalt
Blir rørt til tårar
Og trist når du sårar
Eg ser det nok
Livet er godt

Se alle aktiviteter her.

21
18.00-20.00 21. november 2018

Batteriet, Jordbruksveien 46, 8008 Bodø

26
18.00-20.00 26. november 2018

Lie bydelshus, Cappelens gt. 8, 3717 Skien

26
18.00-20.00 26. november 2018

Sted: Villa Utsikten, Storgt. 9, Lillehammer

26
19.00-21.00 26. november 2018

Batteriet Vest, Kong Oscars gate 62, 5017 Bergen

27
18.00-20.00 27. november 2018

Batteriet, Fredensborgveien 24 A, 2. etg.

28
18.30-20.30 28. november 2018

Batteriet, Schultz gate 8

29
19.00-21.00 29. november 2018

Batteriet i Bergen, Kong Oscars gt. 62

5
18.00-20.00 5. desember 2018

Frivilligsentralen i Sandefjord, Stockfleths gate 8

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.